søndag 27. januar 2019


                       Bjørkelykke


 Veit ikkje om "bjørkelykke" er eit forrektig ord, men eg likar det  - og så er det i alle fall rett at me blir lykkelege av å arbeide med bjørkeris. Først turen i skogen, så gleden over det som etterkvart veks fram.


 Teknikken kallast nålebinding - me brukar store nåler og syr med brunt bøtegarn.
 Størrelse og form bestemmer ein heilt sjølv - og for dei som kjenner oss er det vel ingen løyndom at det største fatet er mitt.
Stjerna og hjertene er surra med ståltråd.

lørdag 19. januar 2019


                                       Snø


 Utsikt frå kjøkkenvinduet idag.   Så mykje snø,  eg blir heilt lykkeleg og må berre ut å gå - her gjeld å nyta så lenge det varer.



 Nissen på trappa og hegren til Maria kosar seg også i snøen - trur eg.


 Og snøklokkene som blomstrar i grøftekanten klarer seg heilt fint.

Det e pitlemann utroligt, men me ser jo at de kan:
ud av kalla hara jorå komme snøklokkene fram.

Det e det fina med våren, og det e eit klart bevis:
nytt håb kan spira onna møje snø og is.

Men mange myste håbe når samfunnet blir kaldt,
og kjærlighetet drebes i konkurransen øve alt.

Se: snøklokker i hagen, vokse alltid flerr i lag
di vett å holda sammmen, når di strekke seg mod dag.
                                       
                                                      Gunnar Roaldkvam


 Eg hadde faktisk spadd opp ei god tua i går - så nå blir det snøklokker både ute og inne.
 Denne veka har me også arbeid med bjørkeris, og bl.a laga hjerter.



Magisk lys på sånne kveldar.  God helg

søndag 13. januar 2019


                              Håpstre 2

 På tur i marka med Daryosh for å finna "håpstre"   Etter at me hadde funne fleire mulege emner skulle me berre gå litt lenger  - var berre noko eg "måtte vise" han.  Då me gjekk forbi dette, såg me på kvarandre og begge forstod kva den andre tenkte - her er det rette treet.

  Brei last på veg heim.  Fantastisk med soldagar - får heller tole litt skygge på bildene.

 Vel heime  fjerna me alle nålene, og fekk det på plass - det passa perfekt.

Nå står det her og ventar på nye blader. Symbolske blader av knust glass, noko som har gått istykker, men som gjennom bearbeiding har fått eit vakkert arr. Ein  skjer seg ikkje lenger på det, smerten er tåleleg  og erfaringa kan bli ein berikelse fordi ein vågar å dele og høyrer til i eit fellesskap.

 Tanken er at alle som er innom her, og har lyst, kan finne "sitt blad" og henge på tre. Kvart nytt blad gjer treet endå vakkrare.

tirsdag 8. januar 2019


            Nytt år nye mulegheiter,  Håpstre 1


 Det som har gått i stykker kan likevel bli til noko flott.

 Har lenge hatt lyst å lage eit Håpstre til uterommet ved verkstaden min -  endeleg er me i gang.

 Velkommen til å følge prosessen.

mandag 10. desember 2018


         Julabutikk på Hedleshaug

 Porten er åpen heilt til klokka 20 torsdag 13 desember.

 Me laga så mykje fint til julemessa, og sidan alt ikkje vart seld blir det åpent på Hedleshaug heile torsdagen denne veka.







Kaffe, te og gløgg til alle som har lyst å komme innom.

søndag 25. november 2018


                     Snart jul

 Har hatt ei fantastisk veke med flott vintervær, lite snø, men mykje stemning likevel.




 Var så heldig å få tak på kongleformer i Danmark i sommar :) Betong er eit spennande materiale å jobbe med.

 Me har også støypt masse soppar -  dei blir til salgs på julemessa i Mastrahallen neste lørdag.

 Og så hadde me ein fantastisk dag med laging av einertre i marka i går.
Velsigna adventstid til alle som kikkar innom her.

onsdag 17. oktober 2018


             Hortensia på flyttefot


Så gjekk me til verks med motorsag og gravemaskin - ja for det måtte verkeleg krefter til då dei store  hortensiarøtene skulle opp or den gode jorda i Hauaskog. Her har dei blomstra så flitig i 30 år. Lite visste dei, om at dei skulle bli ein del av europeisk kulturhovedstat, då dei blei med meg heim som kasserte potteplanter frå Kolnes Blomster ein gong på midten av 80 tallet.



 Så nå er blomstene i trillebåra - tidlegare innlegg, bytta ut med røter på flyttefot. Har vore hortensia i hagen på Hedleshaug så lenge eg har butt her, men no blir det mykje meir - ein liten hortensiaskog trur eg :)

Er det andre som har lyst på ein bit eller to blir det salg av hortensiarøter  i Hortensiahagen førstkommande lørdag mellom 14 og 16
Denne lørdagen er det lov å kjøre til Kyllinghuset,  derfrå må du gå opp i Hortensiahagen - ta med bøtte, søppelsekk eller noko anna å bære i,  og støvlar er anbefalt fottøy. 
Me tek 50 kr. pr. rotbit kontant eller vipps til Aud Jorunn eller Jofrid    Send gjerne ein melding om du er inressert, så har me litt peiling på kor mange me skal legge av.



 Ein siste bukett på gravemaskinen takkar for uendeleg mange blomstergleder.
 Og då eg gjekk heim den kvelden stråla himmelen i same farge som trillebåra - for meg vart det løfte om ny sommar og ny blomstring ein annan stad.