torsdag 10. april 2014

Gleder og sorger i hagen
 Gleden var stor då eg igår oppdaga knoppar i desse trepionene. Dette er planter eg fekk av ei god veninne - trur det må være 4 år sidan, ho hadde planta frø frå sine planter. Dei har etterkvart blitt ganske store, men har ikkje blomstra før - nå gleder meg masse og ser på utviklinga kvar dag, dei står rett ved døra til verkstaden min, så eg går forbi mange gonger til dagen. DET ER LYKKE I KVARDAGEN FOR MEG.
 Og så ein ting til som eg også oppdaga igår - sjå på bladet til høgre - ja det er treblad, Trillium !
Eg fekk nokre planter frå ei anna god veninne ifjor, men dei hadde stått tørt litt for lenge og såg igrunnen litt "skrale" ut - så dei havna nok litt i skuggen her også. Gleden var derfor stor då eg oppdaga denne - nå skal den passast på og få godt stell.

 Men så var det dette då, snart ikkje ei heil påskelilje å finne her. Sneglekrigen er igang, og her er det kun den visse død som gjeld. Dette er dessverre ein kamp me alle må ta, sneglane må utryddast, dei skal ikkje få ta hagegleda frå meg !




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar