fredag 4. april 2014


Jularoser
 Desse jularosene har blomstra sidan november. Det har komt nye blomster heile tida, trur det må være den milde vinteren som gjer at dei har blomstra så mykje og så lenge.  Nå skal eg snart plante dei i jorda, og så håper eg dei kjem like fint att til neste jul. Eg har god erfaring med jularoser, og sjølvom eg bur i sone 1 kan det være kalde vintrar her også.
Nå er det sol og vår som gjeld, og me gleder oss over mange fantastiske dagar med temperatur godt over 10 grader. Sommarfuglar og humler er stadig på besøk, fuglane kvitrar og bygger reir - og bøndene sprer "godlukt" - alt er som det skal være ein vårdag på landet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar