fredag 23. januar 2015

Ei korg i veka, del 3

 I dag har eg laga "någe" og er kjempefornøygd med det. Tvile vel kanskje på om Siril  http://www.pilgard.no  vil kalla dette ei korg, men eit flettearbeid er det no. Ser at "ei korg i veka" fort kan endra seg til eit flettarbeid i veka. Maria er sjuk så ho fekk ikkje gjort ferdig korga si denne veka heller, men lykken er at den ligg trygt og godt i fryseboksen, og ventar på bedre dagar.
Kva dette "någe" er og skal brukast til lurer min gamle far på 80 år svært på ? Tja, det veit eg ikkje,  er lykkeleg uvitande om det faktisk - og det kjennes både godt og spennande. Time will show.         God helg

1 kommentar:

  1. Herleg Jofrid! Du har nok rett i at den noko firkanta hjernen min ikkje vil kalla det ei korg ;-) Men det vart knallfint, dette någe! Likar kjempegodt den frie stilen din! :-)

    SvarSlett