mandag 16. januar 2017

Verd å vente på

 Denne flotte voksa løken kjøpte eg i midten av november, og fekk vite  at den heilt sikkert ville springe ut til jul. Det gjorde den ikkje, men kva gjer vel det ?  Løken har vore flott og spennande heile tida, mange er dei som har tatt den i hendene sine, og lurt på kva som var inni der ?  Denne helga kom belønninga - nydeleg, vakker, skjør og fantastisk - absolutt verd å vente på.



Flokken på Hedleshaug har fått ei dame til på laget, kjempekjekt. Tirsdag, onsdag og torsdag er arbeidsdagar her.  Denne våren er det fleire spennande ting som skal skje. Me skal ta i bruk deler av nybygget - grovverkstaden som me kaller den, her skal me bl.a lage store skiferkrukker. Og så er me ofte på tur og samlar materiale som skal brukast til fuglar og dyr i den globale landsbyen, Grenseland. Skal skrive og vise meir om byen etterkvart, men røper berre at dette er eit kjempeprosjekt, landsbyen skal bl.a ha ei 10m. stor kyrkje. Er det så stort tenkjer du kanskje ?  Ja når den skal lagast av pil er det  stort.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar