tirsdag 28. februar 2017

Avlogga

 Dei to første månadane av 2017 har eg vore delvis "avlogga" Det har igrunnen vore godt å ikkje hatt det så travelt med å sjekke Facebook, eller poste nye innlegg på bloggen.
 Fantastisk å nyte vintersola, samle skattar og kose seg med kaffe i Bruhalsen.

                                Og skattar finn me alltid.

                                 "Løvetenner" - grenselaust
 Pildamer, og korger med innfletta plast-tau.
Spennande prosjekt på gang på Hedleshaug denne våren. Me er med å skape Grenseland, ein global landsby, med fuglar og dyr, menneske, brukskunst, hytter - ja  til og med ei kyrkje. Grenseland er ein del av Generalforsamlingen til NMS som skal være i Stavanger Forum i begynnelsen av juli. Og sidan det er 1 mars om 11 min, så poster eg dette no og lover å være litt meir pålogga framover.

3 kommentarer:

  1. Så spennende og flott 😊. Kjekt med nye bilder. Lykke til med prosjektet

    SvarSlett
  2. Takk for det, ja det er eit stort og spennande prosjekt :) Kjem meir bilder etterkvart.

    SvarSlett
  3. Dette ser vi fram til! Høyres spennande ut! Eivind

    SvarSlett