torsdag 10. april 2014

Gleder og sorger i hagen
 Gleden var stor då eg igår oppdaga knoppar i desse trepionene. Dette er planter eg fekk av ei god veninne - trur det må være 4 år sidan, ho hadde planta frø frå sine planter. Dei har etterkvart blitt ganske store, men har ikkje blomstra før - nå gleder meg masse og ser på utviklinga kvar dag, dei står rett ved døra til verkstaden min, så eg går forbi mange gonger til dagen. DET ER LYKKE I KVARDAGEN FOR MEG.
 Og så ein ting til som eg også oppdaga igår - sjå på bladet til høgre - ja det er treblad, Trillium !
Eg fekk nokre planter frå ei anna god veninne ifjor, men dei hadde stått tørt litt for lenge og såg igrunnen litt "skrale" ut - så dei havna nok litt i skuggen her også. Gleden var derfor stor då eg oppdaga denne - nå skal den passast på og få godt stell.

 Men så var det dette då, snart ikkje ei heil påskelilje å finne her. Sneglekrigen er igang, og her er det kun den visse død som gjeld. Dette er dessverre ein kamp me alle må ta, sneglane må utryddast, dei skal ikkje få ta hagegleda frå meg !




onsdag 9. april 2014


Betong
 Perleblomstene blir litt ekstra flotte i betongfat ein har laga sjølv. Ikkje vanskeleg å lage slike forresten, finn deg ei plastform og prøv om du har lyst. Du treng ferdigbetong, former, olje og litt tolmod ;) Håper du opplever gleden ved å lage noko sjølv.

mandag 7. april 2014


Lerkeskog
 Har jobba mykje med lerk denne vinteren, men no er det slutt for denne gong. Lerk er eit fleksibelt og flott materiale å jobbe med. Var også det eg hadde lage meg antrekket av - det kan du sjå lenger nede på bloggen.
 Desse bilda blei tatt 3 april, endå ein flott vårdag som me brukte ute til å gjere ferdig alle "eventyrtrea"

fredag 4. april 2014


Jularoser
 Desse jularosene har blomstra sidan november. Det har komt nye blomster heile tida, trur det må være den milde vinteren som gjer at dei har blomstra så mykje og så lenge.  Nå skal eg snart plante dei i jorda, og så håper eg dei kjem like fint att til neste jul. Eg har god erfaring med jularoser, og sjølvom eg bur i sone 1 kan det være kalde vintrar her også.
Nå er det sol og vår som gjeld, og me gleder oss over mange fantastiske dagar med temperatur godt over 10 grader. Sommarfuglar og humler er stadig på besøk, fuglane kvitrar og bygger reir - og bøndene sprer "godlukt" - alt er som det skal være ein vårdag på landet.

onsdag 2. april 2014

Bokprosjektet
 Desse to fantastiske damene, Siril Grude og Ingeborg Skrudland er eg så heldig og få lov å arbeide saman med.

Innsatsen er stor,  me trur me er i rute - og me gleder oss enormt til boka er ferdig.





tirsdag 1. april 2014

Skatt

Eg fann denne dingsen på ein av mine mange turar til stranda, og for meg er dette ein skatt. Skjønar likevel at ikkje alle andre ser same verdien i ein slik betongklump med litt rusta jern.
Bilde under viser kva denne "skatten" no er blitt til.

mandag 24. mars 2014

Antrekk
 Bokprosjektet skride fram, og idag var det antrekk som stod på agendaen - dette er berre "galløye".