Avlogga
Dei to første månadane av 2017 har eg vore delvis "avlogga" Det har igrunnen vore godt å ikkje hatt det så travelt med å sjekke Facebook, eller poste nye innlegg på bloggen.
Fantastisk å nyte vintersola, samle skattar og kose seg med kaffe i Bruhalsen.
Og skattar finn me alltid.
"Løvetenner" - grenselaust
Pildamer, og korger med innfletta plast-tau.
Spennande prosjekt på gang på Hedleshaug denne våren. Me er med å skape Grenseland, ein global landsby, med fuglar og dyr, menneske, brukskunst, hytter - ja til og med ei kyrkje. Grenseland er ein del av Generalforsamlingen til NMS som skal være i Stavanger Forum i begynnelsen av juli. Og sidan det er 1 mars om 11 min, så poster eg dette no og lover å være litt meir pålogga framover.