fredag 28. august 2015

Roselykke

 Litt trist når vinden knekker rosegreinene i hagen, men for ein lykke med slik ein bukett i stova. Hadde aldri tatt så mykje på ein gong sjølv, så godt å få hjelp frå uventa hold av og til. Det duftar i huset.
Westerland, ei fantastisk rose som blomstrar heile sommaren, særleg om ein er flink til å klippe av dei avblomstra rosene.

onsdag 26. august 2015

Blått i blått

 Det begynner å nærme seg hortensiatid. Litt vemodig fordi sommaren går mot slutten når hortensiahausten starter, men her er iallefall mykje å glede seg til.


 Og så litt blått frå hagen, 13 blomsterkuler på agaphantusen i år.

søndag 23. august 2015

Pil

 Etter ein lang og god ferie var det godt å være igang. Denne veka har me hatt mest fokus på å fletta korger. Og tenk, det har igrunnen vore for varmt å sitte ute - pila tørkar opp for oss.
 "Sjefen" et lunch med beina på bordet. Godt å være sjef i eingen befrift.
Det blei meir enn ei korg denne veka, men så har me jo litt å ta igjen etter lang ferie.

fredag 31. juli 2015

Arbeidshender

 Ja her er nok å ta tak i.  Mange, mange, mange trillebårlass med mold er blitt kjørt rundt i hagen denne sommaren. Store og små steinar bytter plass, og planter kjem bedre til rette på nye stader.


Alltid tid til litt kveldskos på terrassen.

torsdag 23. juli 2015


Hortensia
 I dag har me vore å rydda og luka i hortensiahagen. Det ser ut til å bli ein rik haust.


 Den flotte sommaren i fjor la grunnlaget for dette fantastiske floret. Mild og fuktig, både vinter og sommar er tydelegvis noko hortensiale likar. Her er det mykje å glede seg til.

søndag 5. juli 2015

Alt har si tid

 Hengebjørka i tunet må vike for nytt tilbygg.
Det same må grua, den som har gitt oss så mykje bålkos.
 Garasjegrunnen er snart klar, og nye murar reiser seg.

 Heldige meg som har så god maskinførar.