tirsdag 21. august 2012

Hortensiahausten er snart her.


Dei små prikkane er eigentleg blomstene, og eg vil helst at dei skal vere avblomstra før eg haustar dei.



Denne blomstrar nå.
Fargen på høgblada endrar seg når dei er avblomstra, og dei er då meir holdbare som snittblomst. 
Det er no sjølplukk på feltet i Bruveien, blir også i Hauaskog (på Kulturstien) litt seinare på hausten. Blomstene står ca. 1veke som snitt nå  - er dei litt "slakke" ein dag er det lurt og gje dei eit nytt snitt, og nytt varmt vatn. Dei blir meir holdbare jo eldre dei blir - tenk det - og seint på hausten tørkar dei heilt av seg sjølv i vasen,  fantastisk blomst Hydrangea macrophylla.


1 kommentar:

  1. Finnes det finer blomster? Sjå dei flotte fargane.

    SvarSlett