tirsdag 26. august 2014

Haustgleder
 Ingen tvil om at eg er mykje meir glad i våren enn hausten, så då gjeld det å leita etter gode haustgleder. Og eg treng igrunnen ikkje gå langt. Nokre dagar til med sol så er druene modne.

 Bjørnebæra har eg alt smaka på, og jammen har det ikkje sneke seg inn nokre "ville" med tornar på også. Ganske frimodig, men dei smakar igrunnen endå bedre enn dei "tamme".


                                          Raud aroma

Jo, hausten har nå mange gleder den og. God dag til deg som kikkar innom her - håper du også finn haustgleder langs din veg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar