lørdag 1. april 2017

Toving

 Etter fleire veker med pinnar og plastsøppel hadde me lyst å prøve noko anna.  Valget blei filt og toving, og me har verkelg kosa oss med flotte fargar og fine former.
 Blir ofte kreative og spennande samtaler rundt bordet, når me sit slik og kosar oss. Me leika litt med tanken om at det kunne vore artig å prøvd å tove med gamle ullkler. Klare me ein sau av gamle islandsgensere, eller kanskje eit koftedyr ?  Så om det er noko av våre leserar, helst i nærleiken av Stavanger, som har gamalt ulltøy dei kan tenke seg å gje oss, er me svært takksame. Får me det til, blir dei også å finne i Grenseland.
 Mykje kjekt kan komme ut av litt ull og ei filtenål.

                                                    Pip pip


 Reir må jo fuglane ha, særleg no om våren. Kanskje kjem det egg også ?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar