tirsdag 19. juni 2018


                            Skattejakt i hagen

 Ein regntung mandag,  ein fin dag å gjere noko kjekt eg har hatt lyst til lenge.

Til dette prosjektet - som så mange andre hageprosjekter - treng eg stein. Er det muleg å finne meir stein i hagen ?  Å ja da, med spade, spett og slegga legg eg i veg.



 Har lært at før ein begynner er det viktig å ha godt med stein å velge i - ivrig som eg er, er det ikkje alltid så lett, men no synes eg iallefall sjølv at eg har vore god.  Tanken har vore å lage ein liten mur som nikkepumpa kan stå på, og brønn eller eit eller anna vannspeil i forkant.


 Det blei ikkje heilt slik eg hadde tenkt - nikkepumpa med vannbøtta blei ståande for seg sjølv på eine sida. Vannslangen skal puttast inn i pumpa, og så har eg ei krane på innsida av veggen. Då kan eg skrue på bittelitt når eg har lyst å høyre lyden av rennande vatn - så drypp det frå pumpa ned i bøtta og når bøtta er full renn det over kanten og ned på steinane.  Manglar litt blomster her, men det kjem snart.


 På andre sida, ved inngangen til verkstaden har det stått ein stor kabeltrommel - her vil eg heller lage brønnen. Er også ein liten benk her - eit uferdig prosjekt som kanskje kan innlemmast i det nye prosjektet.
 Litt småputtel manglar her også, men likevel er eg særs godt nøygd med dagens arbeid. Trestammen bak brønnen skal bli håpstre - eit nytt prosjekt eg kjem tilbake til.


Velkommen inn i torget søndag 24 juni   klokka 13 - 17    1000 åpne hager.

1 kommentar:

  1. Gledet mitt hjerte da jeg las dette og så bildene. Du er gode og ja det er og blir flott...
    Godt å snakke m deg sist og må snart snakkas igjen. Klem

    SvarSlett